søndag 21. november 2010

Eit morosamt minne!

 Denne summaren var eg saman med familien min og besøkte nokre slektningar på Nordmøre.  Dei har kyr og høner. Tremenningen min lurte på om eg ville vere med i fjøset og mjølke kyrne, og det takka eg ja til. Det angra eg på med ein gong ordet kom ut frå munnen min, men då var det for seint. Neste dag skulle eg være med i fjøset.
 Eg hadde vore der nokre dagar tidlegare og då klarte eg nesten ikkje å puste inne i fjøset. Om du har vore inne i et fjøs fullt av kyr, veit du kva eg meinar. Eg tok på meg klede som tremenningen min ga meg og drog ut for å hente kyrne ute på beite. Vi skulle ha dei inn i fjøset og eg ropte, ”kome kyra!” og det virka. Eg trudde det berre var noko folk sa, men kyrne reiste seg opp då eg ropte. Kyrne gjekk inn i fjøset og det var på tide og mjølke dei. Tremenningen min sa, ”ja då e det på tide då, Lise”, medan pappa stod og lo i eit hjørne. Dei trudde vel at eg berre var ei berte frå austlandet, men du skulle ha sett andleta deira når dei såg kor flink eg var. Ein kunne sjå haka deira henge i golvet. Eg vaska spenane, sat på pumpa og mjølka spruta ut.
Eg må sei at eg var stolt av meg sjølv og det var pappa og. Han skryt om det endå. Det er eit morsamt minne! :)     

Refleksjon over korleis det var å lage digital forteljing

Det var morosamt og drive med digital forteljing. Eg har aldri gjort det før så det var morosamt å gjere noko nytt og spanande. Forteljingane vart kjempefine og det var ein annleis og fin måte å få fram ein sak eller ein song, dikt eller ein tekst du er glad i. Eg vil gjerne gjere det på nytt.