fredag 18. februar 2011

Vinterkyss

Vinterkyss er ein norsk film frå Februar 2005, med Kristoffer Joner og svenske Annika Hallin i hovudrollene. Regissør var Sara Johansen. Filmen omhandlar sorga etter at ein som står ein nær er død, samt kjærleik som dukkar opp når ein minst ventar det, men kanskje treng den mest.

Den svenske legen Victoria arbeide i ei lita bygd på Austlandet i Noreg. Ein tidleg vintermorgon blir ein ung gut funne død i sneven. Politiet konkludere med at den daude har blitt truffet av plogen på ein brøytebil. Victoria blir involvert i liva til alle som er berørt av ulykka når ho påpeker at det er tegn som tyde på at guten har blive utsatt for noko kriminelt i forkant av påkjørselen. Oppklaringa av mysteriet rundt dødsfallet avdekke ein stor hemmelegheit, ein hemmelegheit som Victoria helst vil helde for seg sjølve.

Det einaste verkemiddelet eg kan kome på er, mordet som kan betraktes som ein bi- historie, i ein film som kanskje handle mest om ein kvinnes savn og sorg. Forsøket om å finne alle svara når ein har hovudet fullt av spørsmål.

Eg syns at filmen var interessant. Den er ikkje slik som alle andre filmar er. Ein veit ikkje kva som  hende med sonen før på slutten og då snur filmen om frå å vere spanande til å vere trist. Vi fer vite at sonen hadde leukemi, ein kreft som ligg i beinmergen. Det var difor han ikkje ville ut å leike eller gjere noko anna enn å sitje og sjå på TV heile dagen. Han var sjuk og Victoria fekk skulda av mannen hennar,  fordi ho var ein lege og burde ha sett teikna i følgje ektemannen.
Ein veldig fin film. Den får terningkast 4++.

Bilde frå: